Dette
er doerskiltet vaart som vi har paa doera vaar inn til rotteleiligheten.
Vi trives saerdeles bra der inne, faktisk saa bra at vi meir eller mindre
aldri kjem oss ut.
Vi
bur altsaa i Surfers Paradise, Gold Coast. Her har vi tatt oss en liten
tur ut av heimen for aa ta litt bilder. Legg merke til at det er saappass
tidleg paa dag at det enno er lyst ute. Vi skimtar her stranda, og havet.
No maa eg faktisk innroemme at eg ikkje er heilt sikkert paa kva for eit
hav det er snakk om, men det kan sikkert nokon av dykk geografifrikar hjelpe
meg med. Eg veit ikkje kvifor det er ein null kvit strek til hoegre her
paa bildet, men eg gidd ikkje aa finne ut korleis eg kan gjere noko med
det.
Her
er Hilde paa stranda i Surfers. Ho er slik ei nydeleg jente, der ho staar
med vinden i haaret framfor havet eg framleis ikkje veit kva heiter...
Hilde har langt skjoert fordi ho er tekkeleg og grei og skikkeleg og snill.
Ellers kan ein no sjaa litt av kvart paa jentene her nede... fysj og fysj.
Vi er begge glade for at vi har vakse opp paa bygda og laert oss korleis
vi skal oppfoere oss. Tusen takk til familiane
Nilssen og Hagatun. No ser eg at det blir kvit strek paa dette bildet ogsaa,
eg burde nok berre lata som om eg var kjempeflink og hadde gjort det med
vilje..
Eg
er ogsaa paa stranda, som de ser. Den vakre kjolen er kjoept i Bangkok,
og det same gjeld dei nydelege sandalane. Opphaldet vaart i Bangkok varte
i fem-seks timar, og vi var doedstroette etter Nachspiel hos Bjanger kvelden
foer (vi sov ikkje (er vi ikkje toeffe....?)). Men i alle fall var det
eit godt kjoep. Veska er kjoept paa Kloeverhuset i Bergen. Dersom nokon
lurer paa kva det er eg har paa hovudet, saa er det altsaa fletter.
Her
er Hilde i hovudgata i Surfers. Det ser litt moerkt ut, men. Litt palmar
og greier.. Dette biletet er vel eigentleg ganske sjoelvforklarande, vil
eg seie.
Her
er vi paa butikken. Eg trur kanskje ikkje det er heilt vanleg aa ta bilde
paa butikken i Australia heller, men men. Slik ser det i alle fall ut paa
Woolie's, som vi som har vore her ei stund likar aa kalle det. Utvalget
er FANTASTISK i forhold til gode gamle Rema. Men normal kvitost har dei
ikkje. (Derimot Stabburets Leverpostei..)
Jadda...
Her er eg paa verandaen og solar meg, liksom. Eg har ikkje blitt noko brun
i det heilen tatt, men eg haapar aa ta det att til sommaren. Sommaren er,
som de sikkert veit alle saman, om vinteren her nede. Ganske unornalt,
synst no vi. Vi har sol lengst paa verandaen av alle i huset der vi bur
(9/8 Weemala Street, Chevron Island QLD 4217, Australia, telefon +61 7
55 38 49 80), men det viser diverrre ikkje igjen paa kroppane vaare. Men
det er ganske fint aa sitte paa verandaen for det.
All
denne solinga resulterer altsaa ikkje i brunleik, men augo vart visst litt
raude.. Eg trur eg er blitt modell her, ser det ut som. Eg har vokst her
nede, og er no ca 1.85 hoeg. Humoren er framleis paa topp, sjoelvsagt.
Her
har vi drikkeleik foer vi skal ut. Denne artige leiken som eg og Hilde
(Hilde og eg, faktisk) leikar aldeles aleine, gaar ut paa aa kaste ein
dollarmynt i bordet, og saa opp i glasset. Vi har fast mynt, fast glas,
og fast klut til aa toerke opp med og opne flasker med (oelflaskene har
skrukork!!!!!). Carlton Cold er drikkande, i tilfelle de lurer paa det.
Slik
kan det gaa... Hilde foeler seg litt snudd paa hovudet her, trur
eg. Det er fordi eg er saa god til aa kaste mynten, og ho er kjempedaarleg,
sjoelvsagt (Oensketenkning...)
Her
er skiltet til Rose & Crown. Der er vi rett som det er og retteleg
ofte. Vi synest det er ein GENIAL plass, men heldigvis er det ikkje saa
mange nordmenn som er einige med oss i det. Det er heilt utruleg mykje
nordmenn her, men paa Rosie kosar vi oss med alle dei langhaara surfarane
i fred. Paa soendagane pleier Finkler av og til aa spele. Dei er to broedre
som syng og spelar gitar retteleg fint, og vi er heilt frelste, sjoelv
om dei berre spelar coverlaatar, og dei same kvar gong. Det gjer ingenting.
Saa er det rockeband (eller noko slikt) som spelar i den andre avdelinga,
saa dit gaar vi etterpaa. Det er ein FLOTT plass, som kan anbefalast til
alle Klubben-elskarar.
Naar
Rosie stenger i to-tre tida, gaar turen vidare til Shooters. Der er det
ope til fem kvar dag, og det held stort sett for oss. Dessverre er det
ein av vaktene der som hatar meg, men no trur eg det gaar bra, han har
i alle fall latt meg faa lov til aa komme inn dei siste gongane. Paa loerdagane
er det alltid kjempefullt paa Shooters, og alltid mange nullingar som vil
sjekke oss opp. Men det er no ein retteleg god stad til sitt bruk, sjoelv
om dei stort sett spelar elendig musikk der.
Burger
King i Australia heiter ikkje Burger King, men Hungry Jack's. Burgerane
smakar like godt likevel. Sjoelvsagt ei naturleg avslutning paa kvelden...
Dette er eigentleg loegn, for BK stenger tidlegare, men eg tykte dette
bildet passa saa godt inn her... McDonalds er aapen heile natta, i alle
fall, men vi er ikkje saa begeistra for maten deira..
Derimot
er vi (eg) ganske begeistra for denne karen her.. Dette er Dino, som nokre
av dykk kan hende har hoyrt om.. (best kjent som Deilige Dino..) Han heiter
sjoelvsagt ikkje Dino eigentleg, men Dean, men folk har ein vane her med
aa legge paa o paa navn. Ja. Han er i alle fall retteleg deilig, synest
eg. Dette bildet er kanskje ikkje saa fantastisk, men.... Ja. Det er vel
ikkje saa mykje meir aa skrive her om dette.. Det er kjoeleskapet vaart
de ser nede til venstre, dersom de lurte paa det. (Mitt og Hilde sitt,
ikkje mitt og Dino sitt, altsaa). Og ikkje
ver redde: Verken Hilde eller eg har tenkt aa gifte oss her nede..
Og
heilt til slutt: Ein EKKEL kakerlakk. Bildet er teke paa badet vaart. Det
var heilt utruleg mykje kakerlakkar i begynnelsen, men no har vi bevaepna
oss med spray og greier, og har klart aa utrydde ein del. Dei er EKLE,
EKLE, EKLE. Denne er av haarete-bein-typen. Dei er nesten dei eklaste.
Dett var dett... Dersom de foreksempel har lyst til
aa maile oss eller noko, saa er adressa [email protected]
eller [email protected]
. Vi savnar alle heime, og haapar de ikkje har gloymt oss aldeles.. Vi
kjem tilbake!!!!!!
Hilde og Kristin